Baker Hansen + John Pål Inderberg

Arrangementsinformasjon
BAKER HANSEN - CHET PÅ NORSK

Korleis kan ein lytte med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen?

Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst?

Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske n forteljingar, baserte på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men tekstane er omarbeidd til norsk og
framførte på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som
publikum på godt over 150 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.

Med John Pål Inderberg som gjest er vi trygge på at dette blir ein minneverdig kveld! Hittil uinnspelte låtar frå Chet sin katalog står på programmet, det blir BGS (bandet-går-stemning) og om alt går bra kan konserten opplevast om att på plate.

Baker Hansen har gjeve ut to album med Chet på norsk, Ei som deg (2014) og Gamle Daga (2016). Kom og ver med når vi lagar den tredje!